”Mediehistoria er langt meir omfattande enn det ein har valgt å ta med i dei eksisterande lærebøkene” (Hadeland vgs 2006). ”Media har sine forutsjåingar både i samfunnet og i teknologisk utvikling, og påverkar også sjølv denne utviklinga”.(Hadeland vgs 2006). Eit godt eksempel på det er ”Johann Gutenbergs trykkpresse, som vart utvikla omkring 1450, hadde forløparar andre stader i verda”. ( Asbjørnsen m.f2007, s 124) Vidare står det i læreboka at ”Koreanarane hadde allereie på 1400-talet utvikla eit liknande system. Boktrykkjarkunsten som teknologi la grunnlaget for den nye utviklinga, men samstundes førte samfunnsforholda til at han fekk så store verknader i Europa. Trykkjerevolusjonen fekk enorme verknader på lengre sikt, fordi kunnskapen vart tilgjengeleg for mange”. (Asbjørnsen m.f 2007, s 124) Men det var ikkje berre boktrykkjarkunsten som utvikla seg som arena for den offentlege meiniga (Asbjørnsen m.f 2007, s 131). ”Avisene var ikkje berre eit resultat av samfunnsutviklinga, dei var på mange måtar også ein føresetnad for kommunikasjonssystemet, som gjorde prosessar som den industrielle revolusjonen, utviklinga av nasjonalstaten og kolonialismen mogleg”. (Asbjørnsen m.f 2007, s 131).
Kildeliste:
Asbjørmsen, Dag m.fl (2007): Mediemøte 2. Aschehoug. Karl H. Flyum (2003): Bare må ha den oppskriften- flott! http://home.online.no/~rvsmedia/mediahis.htm.
Refleksjon:
Det vanskelegaste med denne oppgåva er å få til kildehenvisningane og å skrive teksten så korrekt som mogleg. Eg har aldrig skrive ei femavsnittskisse bevisst før, og det er mykje ein må forholde seg til på ein gong. Dette gjer det vanskeleg å presisere arbeidet på best mogleg måte, og det tek sjølvsagt ein del tid. Men alt må lærast, så ein må berre bite i det sure eple å byrje.
Eg meinar at kildene eg har nytta er politlege, fordi læreboka skal byggje på truverdig kunnskap, som vi brukar på skulen for å lære. Internett er meir tvilsomt, men eg trur likevel at den kilda eg har nytta er politleg, fordi det same står skrive i lærebøka i media og historiebøkene.