Når eg kom til Sogndal som einaste Seljeværing, og ein av dei få nordfjordingane, hadde eg ingen forhåpningar om at ting skulle verte så bra som dei blei. Likevel var eg fast bestemt på å reise til den flotte saftbygda inne i sognefjorden, og eg angrar ikkje eit sekund! Eg har vorte kjend med mange flotte menneske, eg har fått gode lærarar og eg har vore ein del av eit fantastisk skule- og fritidsmiljø. Det einaste som er domt, er av vi no skal skilje lag, for det har eg slettes ikkje lyst til, men vi veit at skal ein bli noko, ja då må ein berre stå på og jobbe vidare. Tida har desverre komt og vi er ferdige på Sogndal vgs. Alt har gått så utruleg fort, sannsynlegvis fordi vi har hatt så mykje å halde på med. Det har ikkje berre vore eit heilt vanleg år i mediefaget, med vanleg og kjedeleg undervisning. Det har istadenfor vore eit år med mykje variasjon, databruk og teknologisk undervisning, noko som har vore litt uvant i byrjinga, men no i ettertid ser ein at det har vore svært nyttig. I det store og det heile har det vore eit kjempekjekt år med mange utfordringar og godsaker! Vi har fått prøvd oss på nye utfordringar, noken vanskelegare enn andre, men det har stort sett gått greit:) WordPress, glogster og diigo, var for eksempel ting eg aldri før hadde høyrt om, men i dag veit eg kva det går ut på. I tillegg har eg vorte meir trygg på databruken, og eg har vorte inneforstått med at bruken av data stadig vert viktigare i det store samfunnet.
Det har vore ein fin gjeng, som eg er glad for at eg har fått vore ein del av. Tusen takk for eit fint år folkens, og eg ønske alle lykke til vidare, og takk til Albertine; du har lært oss mykje 🙂
Legg igjen en kommentar