Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for mai 2010

Dei to siste vekene har eg valt å jobbe med medieproduktet; informasjonsplakat. Det har vore både lærerikt og kjekt, men vi har desverre mista litt tid, på grunn av eksaminering og andre program. Dette har dermed ført til at eg mista ein del timar til opplæring av redigeringsprogrammet vi skulle bruke i forbindelse med prosjektet. Eg har derfor gjort så mykje eg kunne, ved å lage ei skisse av plakaten min, slik eg i utgangspunktet hadde tenkt han.

Planlegging av informasjonsplakaten:

1) Det første eg gjorde i arbeidet med dette prosjektet, var å gjere dei 4 oppgåvene om sjanger, som vi fekk utdelt på skulen av Albertine. Her valde eg sjangeren reklame- informasjonsplakat, og gjorde oppgåver i forbindelse med denne sjangeren. Dette gjorde at eg vart mykje meir klar over kva informasjonsplakaten måtte innehalde, og eg fekk ein idé. (eg skal leggje ut desse oppgåvene når eg har fått tak i dokumentet, som ligg på skuleserveren).

2) Når eg skulle byrje på sjølve plakaten, måtte eg først og fremst ha ein god idé, i og med at det er ein informasjonsplakat. Eg tok dermed utgangspunktet i plakaten for russerevyen, og byrja å lage skisser. Når ein skal lage ein informasjonsplakat, må den innehalde eit arrangement som treffer mange og som er veldig dagsaktuelt, og kva har vel vore meir dagsaktuelt desse vekene, enn RUSSESPRELL? Dermed bestemte eg meg for å lage ein plakat som oppmoda til eit russearrangement.

3) Eg sette meg ned for å tenkje over ulike idéar som kunne vere realistiske, samstundes som veldig oppkvikkande. Eg tenkte over kva plakatar som allereie har vore oppe i forbindelse med russetida, for så å tenke ut ein heilt ny ein. Det eg kom fram til, var noko eg sjølv såg på som svært fengjande, og som eg veit at omtrent heile russen hadde delteke på. Eg gav plakaten min denne overskrifta; «DEN STORE RUSSEKNUTEDAGEN» =)

4) Når eg var ferdig å tenkje ut idéen, var det berre å setje seg ned å lage skissene til plakaten, ta bilete og legge til den informasjonen som mangla. Når dette var gjort, såg eg på prosjektet som ferdig. (Eller ferdig i den grad eg klarte å gjere det ferdig, forutan redigeringsprogrammet).

Oppgåver på skulen i sjangerforståelse;

Oppgåve i medietimane måndag 26.april 2010.
FOKUS PÅ SJANGERFORSTÅELSE

Oppgåve 1)
Ein sjanger er eit omgrep for ei gruppe av litterære verk eller musikkverk som kan bli definert ut frå kriterium som språk, innhald (tematikk), komposisjonsform, presentasjonsform og sosial samanheng. Til dømes har det meste av stoffet i ei avis med nyheiter og aktualitet å gjere. Nyheiter er ein viktig del av all journalistikk, men nyheitsartikkelen er berre éin av fleire journalistiske sjangrar.

Oppgåve 2)
Eksempeltekst som er eit eksempel på den sjangeren eg vil jobbe med: Reklameplakat
Eksempelet mitt er: ”Revyplakaten- Sogndalsrussen 2010” eller ”Donkyboy live”
http://www.alfred.no/images/Artister/reklameplakat%20donkeyboy3.jpg.

Oppgåve 3)
Det som kjenneteiknar denne kommunikasjonsforma ”reklame”, er at den spreiar informasjon på ein effektiv måte og treffer kjenslene til folk. Reklame kan definerast som «betalt kommunikasjon av et budskap i et massemedium med identifiserbar sender i den hensikt å forberede en økonomisk transaksjon». Det som kjenneteiknar reklameplakaten, er at den har bilete og overskrift, og av og til også små underskrifter. Denne typen kommunikasjonsform vert nytta for å opplyse og informere. Når ein skal skrive ein reklameplakat, må ein ha fokus på kva som passer best i forhold til kven som er målgruppa. Ein må også reflektere over kvar det vil vere mest nyttig å reklamere. Ein reklameplakat har alltid to ulike nivå, denotativt og konnotasjon. Det denotative nivået går ut på ei rein beskriving av plakaten, medan det konnotative nivået går ut på å tolke å assosiere innhaldet i plakaten.

Oppgåve 4)
Reklame kan definerast som: «betalt kommunikasjon av et budskap i et massemedium med identifiserbar sender i den hensikt å forberede en økonomisk transaksjon». Det som kjenneteiknar reklame er at det setter ofte ei vare eller ein teneste i eit positivt lys, og prøvar på ein måte å overtale deg til å kjøpe det. Det er ein form for kommunikasjon som vert nytta i PR-verksemder. Reklamen skal snakke til kjenslene og overtyde utan at han eigentleg argumenterer. Reklame er ein tradisjonsrik måte å spreie informasjon på og har mange former, til dømes avisannonsar, innstikk, radiospotar, tv- spotar og banner på web. Føremålet er å skape eit bilete av eit produkt, slik at publikum vil ha det.

Sjangertrekk frå eksempelteksten/ane eg har valt:
• REVYPLAKATEN
Denotativt nivå: plakaten er kvit med eit stort bilete som refererer til tema, tankar og kjensler. På biletet er det avbilda 5 crazy ungdommar med grisenase, slips og solbriller, noko som vidareformidlar ein viss galskap. Grisenasa symboliserar til dømes svineinfluensaen. I tillegg til biletet er det ei stor overskrift, farga i raudt, i tillegg til tilleggsinformasjonen under, som også er farga i raudt.

Konnotativt nivå: Plakaten seier noko om russerevyen som skal finne stad i Sogndal den 27. april 2010 og kva sjølve revyen heiter. Tilleggsinformasjonen seier noko om pris, kvar ein kan få kjøpt bilettane, om klokkeslett for takeoffen og kvar ein kan henvenda seg for å få meir informasjon. Det er lagt ved ei nettadresse http://www.sogndalsrussen.com, der ein kan gå inn og sjå for meir informasjon.

• DONKEYBOYPLAKATEN
Denotativt nivå: Plakaten er svart med eit stort bilete av dei fem medlemmane i gruppa ”Donkeyboy”, som refererer til tema i annonsen. Overskrifta samt underskrifta er farga i gult, med tjukk utheving.
– Konnotativt nivå; plakaten seier noko om at popgruppa Donkeyboy skal spele live konsert i Hønefoss på Alfred, fredag 30 oktober. Tilleggsinformasjonen fortel at det er krav om 18 års aldersgrense med leggplikt for å sjå konserten. Dørene opnar klokka 22.00 og konseren startar klokka 23.00. Det er oppgjeve ei adresse (www.ringbillett.no) der ein kan hendvenda seg for førehansdssal.

Reklame

Read Full Post »