Hei Hei Marit:)
Vi ved Sogndal vgs har fått i oppgave å kommentere innlegga dykkar om «informasjonskløfter». Mitt namn er karoline, og ein del av mi oppgave er å kommentere ditt innlegg.
Du har skrive ein fin liten tekst om informasjonskløfter, der du har hatt hovedfokus på korleis den noverande informasjonkløfta er i verdsperspektiv. I tillegg forklarar du ganske kort og greit kva ei informasjonskløft er, og korleis den påverkar samfunnet. Du har ógså brukt et variert og enkelt språk når du har skrivd oppgåva, noko som gjer den lettleseleg.
Det eg saknar i teksten din, er ei meir konkret innleiing, der du presenterar det du skal få fram i hovuddelen, før du byrjar på sjølve oppgåva. Det er nokre setningar i teksten din som gjer den litt uoversiktleg, (då tenkjer eg på oppattakingar). Samstundes tykkjer eg at oppgåva kunne vert litt lenger. Det rådet eg gjev deg, er å kanskje gå grundigare inn i korleis vi har tatt fat på framveksten av IKT i samfunnet og kanskje drøfte litt meir konkret korleis media er med på å skape, forsterke og motverke informasjonskløfter.
Eg håpa at dei råda eg har gjeve deg vil vere til nytte 🙂
Mi vurdering av innlegga:
Dei observasjonane eg gjorde når eg kommenterte innlegga, var at eg synast at dei fleste innlegga var veldig korte? Er det meininga at innlegga dei har skrive skal vere innleiingar til ei større oppgåve? Det var eg litt usikker på. Dette var eit av hensyna eg prøvde å ta når eg skreiv til eleven, men sidan eg var usikker kommenterte eg som om det var ein fullstendig besvarelse på oppgåva. I tillegg hadde eg fokus på at det er ein elev som har skrive om temaet, og at det er viktig å tenke på å uttale seg på ein høfleg og forståeleg måte:).
Legg igjen en kommentar