Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for februar 2010

BRASIL :)

Sida eg sitte her i klasserommet og fortsatt har litt tid til overs, kan eg fortelle litt om kva eg skal gjere dei kommande dagane. Eg skal endelig reise til Brasil igjen, og besøke søstera mi & tante ungen min David. Eg gleda meg veldi masse til å sjå dei igjen, og gje David en skikkeli bamseklem. Det er ikkje alltid like idyllisk å ha familie på den andre sida av jordkloda, men akkurat no passa det meg midt i blinken !! Det einaste minuset, er å holde ut en flytur med Anja i 13 tima :p hehe.


Eg skal til Natal, som ligg heilt på austkysten av Brasil, ved ekvator. Det er eim fantastisk feriestad for turistar, og nordmenna er mange allereie. Det er absolutt til å anbefale, dersom du vurderar Brasil som reisemål. Eg skal ærleg innrømme: det skal bli godt å komme seg vekk frå kulda og delsvis Sogndal! varmare strøk er alltid fantastisk. Resten av gjengen må desverre sitte på skulebenken eit par dagar til før dei tek ferie.. Sorry mates: skal prøve å sende eit kort til dykk, som ei lita «oppmuntrande» helsing :p ^^

Reklame

Read Full Post »

Oppgåve B

OPPGÅVE B: EKSEMPEL OG KJELDESØK

Denne oppgåva finn du også på Glogster på denne linken; http://kar0lin3.glogster.com/edit/glog/

LAND: KINA

Kina er eit land i Aust-Asia som sidan 1949 de facto er delt i to, med regjeringar som begge gjer krav på å vere heile landets rettmessige styre: Folkerepublikken Kina, med hovudstaden Běijīng som omfattar alle fastlandsprovinsane, og Republikken Kina, med hovudstaden Taipei som kunn omfattar provinsen og øya Táiwān (Formosa) og nokre små øyar nær provinsen Fújiǎn (http://no.wikipedia.org/wiki/Kina). Vi veit at Kina er verdas tredje største land, med heile 1,2 milliardar innbyggjarar, som i hovudsak er ei etnisk kinesisk Han – befolkning. I alt er det registrert 56 folkeslag, og ca 7 prosent av befolkninga tilhøyrer minoritetsgrupperingar frå ulike regionar i landet. Eit eksempel er Zhuang- befolkninga, som tel ca 12 millionar. Minoritetsgruppene skil seg ut ved eit eige språk, kultur og eigne tradisjonar. Ein del av minoritetsgruppene har vore unntatt frå myndigheitene sin eittbarns- politikk.

Landet har på alle måtar ein svært gamal og veldig rik kultur. Byane, kulturen, naturen, den enorme, fascinerande og svært samansette befolkninga blanda med Kina si gamle og nyare historie som gjev deg eit overveldande sanseinntrykk.

Kina dekkjer heile 9,2 km2 av verdas klode, og er større enn både det europeiske kontinentet og USA. Landet grensar til 11 land i tillegg til Gulehavet, Austkinahavet og Sørkinahavet. Avstanden frå nord til sør, er ca 5.000 km. Det høgste fjellet er Quomolangma på heile 8.848 moh.

På grunn av det store arealet har Kina fleire klimasoner. Vinteren i nord er kald og tørr på grunn av vindane frå vest, medan sommaren er varm og fuktig med monsun. Nord- Kina er óg større enn Sør- Kina (http://www.gotoasia.no/Kina.htm).

Litt om styresett:
Etter forfatninga av 1982, seinast revidert i 2004, er Kina ein einskapsstatleg folkerepublikk, med kommunistpartiet som det statsberande og einaste tillete parti (sjølv om partiet ikkje nemnast i forfatninga). I likskap med dei tidlegare kommuniststatane i Aust-Europa har Kina eit institusjonelt todelt politisk system: statsorgana har på alle nivå parallelle partiorgan. Men i motsetnad til i Sovjetunionen og dei andre Aust-europeiske kommunistlanda, der partiorgana i dei fleste tilfeller var dominerande, varierer dette sterkt i Kina. Av og til spelar partiorgana den største rolla; til andre tider gjer statsorgana det (http://www.snl.no/Kina/forfatning_og_politisk_system).

Majoritet og minoritet:
Som eg har nemnt tidlegare, er Han- kinesarane nemninga for den etniske majoritetsgruppa som kinesarane tilhøyrer. Det dreiar seg altså om verdas største folkeslag. Dei er regna med i Folkerepublikken Kina som ei offentleg anerkjend nasjonalgruppe. Han- kinesarane utgjer 92 prosent av befolkninga på det kinesiske fastlandet og nesten ein femtedel av jordas totale befolkning.

Uttrykket Han, nyttast for å skilje majoriteten av kinesarane frå dei mange mindre beslekta etniske gruppene som finst i Kina. Namnet kjem frå Han- dynastiet som herska over dei delar av Kina som er Han- kinesarane sitt kjerneområde. Ofte nyttast betydinga «kinesarane» og «han- kinesarane» om kvarandre, men i Kina oppfattast det som svært feilaktig idet det ikkje tar omsyn til dei 55 etniske minoritetar i landet (http://no.wikipedia.org/wiki/Han-kinesere).

Media: Tilstand og sensur

Mediestrukturen i Kina har endra seg betraktelig dei siste 20 åra. Medium som tidlegare berre mottok statsstøtte, må no finansiere seg sjølve. Dette opnar for større uavhengigheit, meir kommersielt stoff i media og mindre sensur. Kinas myndigheiter prøvar framleis å beherske dagsordenen i det offentlige rom, men påverkar ikkje lenger like direkte kva folk meinar.

Kina sine medium kan til ei viss grad dekke konfliktsaker, men berre på lokalt nivå. På denne måten kan sentralregjeringa bruke media til å avsløre lovbrot på lågare nivå. Eksempel på saker det er blitt vanlegare å dekkje, er miljøutfordringa og korrupsjon, men den gravande journalistikken må stoppe lenge før den når den nasjonale leiinga. Den kan ikkje kritiserast eller utfordrast. Andre tabubelagte tema er Taiwan, Tibet, større demonstrasjonar, og informasjon om internt arbeid i regjeringa, strafferettssystemet, statistikkar over dødsstraff osv.

Kinesiske journalistar testar stadig grensene og lager nye metodar for å infiltrere utfordrande journalistikk, f.eks. ved å blande propagandaspråk inn i ei uavhengig dekning av eit tema. Myndigheitene er svært opptekne av at ikkje likesinna organiserer seg, og media må derfor være forsiktig med å dekke større protestar og grupper som har andre syn enn den politiske leiinga. I steden kan journalistane fremme sitt syn ved å skrive om enkeltskjebnar som eigentlig angår mange.

I praksis er sjølvsensur den viktigaste forma for kontroll i dagens Kina, men det går også ut direktiv frå myndigheitene. Alle saker må vurderast opp i mot den sosiale stabiliteten i landet, og grensa mellom kva som er tillete og ikkje, er ikkje alltid like openbar. Myndigheitenes propagandaavdeling (CPD) kontrollerer det statlege nyheitsbyrået Xinhua, og kinesiske medium oppfordrast til å forholde seg kun til nyheitenes offisielle versjon gjennom byrået. Xinhua har full kontroll over distribusjonen av nyheiter frå utanlandske byrå.

Kinesiske journalistar er i dag organisert i All China Journalist Association, som igjen er underlagt informasjonsdepartementet. Journalistane blir også kontrollert gjennom lønnssystemet, ved at dei starts med ei låg grunnløn for så å ha moglegheit til å få bonus for artiklar som blir publisert. Dette inneber at journalistane må følgje myndigheitenes ønskjer, fordi berre artiklar som går igjennom sensuren blir publisert. Trakkar du feil, blir du raskt oppdaga og straffa. Som oftast vil dette seie oppseiing eller bøter, men også husarrest og fengselsstraff vert nytta. I følgje Amnesty og ”Committee to Protect Journalists” (CPJ) sit minst 29 kinesiske journalistar i fengsel pga ytringane sine.

Også internett sensurerast i Kina. Det finst eit eige internettpoliti som har som oppgåve å overvake all aktivitet ved hjelp av avansert internetteknologi. I tillegg har de kinesiske versjonane av mange søkemotorar (her Yahoo! og Google) samarbeidet med kinesiske myndigheiter og lagt inn blokkeringar på mange søkeord. Dette vil i praksis si at makthavarane kontrollerar innbyggjarane sin tilgang til informasjon over internett, f.eks. ved å blokkere søkeord som Tibet, menneskerettar osv. Bloggarar er også blitt eit problem for kinesiske myndigheiter. Desse kritikarane står ikkje på partiet si lønningsliste, og er ofte anonyme. Myndigheitene ønskjer derfor å forby anonyme ytringar på nett (http://no.wikipedia.org/wiki/Media_i_Kina).

Samla kjeldeliste:
(http://no.wikipedia.org/wiki/Kina) lasta ned 09.02.10. (http://www.gotoasia.no/Kina.htm), lasta ned 09.02.10. ( http://www.snl.no/Kina/forfatning_og_politisk_system) lasta ned 12.02.10. (http://no.wikipedia.org/wiki/Han-kinesere) lasta ned 12.02.09. (http://no.wikipedia.org/wiki/Media_i_Kina) lasta ned 09.02.10.

Karoline Hamre

Read Full Post »

Problemstilling: KVA ROLLE HAR MEDIA I DET FLEIRKULTURELLE SAMFUNNET OG KORLEIS FUNGERAR DEN INTERNASJONALE MEDIEDISTRIBUSJONEN I FORHOLD TIL DETTE?

Innvandrarbefolkninga i Noreg har bakgrunn frå meir enn 200 land. Alle desse kulturane påverkar kvarandre og fører til økt mangfald. Dette forsterkast også av at nordmenn reiser meir enn før og tar arbeid eller utdanning utanfor Noregs grenser. Dette påverkar kva vi et, korleis vi kler oss, korleis vi omgås andre menneske, vårt forhold til religionar og kva for verdiar vi synast er viktige. I eit fleirkulturelt samfunn eksisterar fleire forskjellige kulturar saman, samt ulike etniske grupper og tv kanalar. Møtet mellom dei ulike kulturane kan gje grunnlag for fordommar og rasisme (Cappelen Damm AS).

Media er med på å avdekkje kritikkverdige forhold i det fleirkulturelle samfunnet. Dette skjer ved at media, gjennom si makt, stiller seg kritisk og set dagsorden (Norsk presseforbund- vvp). Media vel altså kva for saker som skal få hovudfokus og vidare fører dette til heftige diskusjonar og samfunnsdebattar. Ei prakteksempel på slike saker er den omstridande ”hijab saken”, der islamske kvinner kjempar for å opptre med hijab i den norske polititenesta. Dette er den norske staten imot, fordi den meiner at muslimsk tildekking er undertrykkjande og at det ikkje er representativt for den norske stat (NTB- redaksjonen@abcnyheter.no)

Vidare står det i læreboka eksistens, at tildekkinga av slør har ført til hissige debattar verda over og ikkje berre i Noreg (Camilla F.A m.fl 2008: 191). Det er store skilnadar både mellom og innanfor landegrensene, fordi funksjonen til media er avhengig av politiske, økonomiske, teknologiske og kulturelle forhold i kvar enkelt stat (Asbjørnsen m.fl 2007: 106). Openheita for den fleirkulturelle funksjonen er svært ulik frå land til land. I Storbritannia har hovudplagget lenge vore lov i denne samanhengen, og britisk politi grunnar avgjersla med at det er et teikn på ytterlig aksept av Storbritannia som et fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn (Aftenbladet/NTB/NRK).

Asbjørnsen m.fl 2008: 106 skriv at ein ser stadige tendensar til at den politiske reguleringa av media i stor grad er knytt til kvar enkelt nasjon og følgjer lovene og retningslinjene i dei ulike landa Eit døme på internasjonal mediedistribusjon, er satellitt-tv-sendingar. TV3 vert til dømes sendt frå Storbritannia til Noreg og omgår slik den norske medielovgivinga- som til dømes at reklame ikkje skal vere retta mot barn (Asbjørnsen m.fl 2008: 106, 107). Samstundes har ein UNESCO, som har ansvaret for FNs mediepolitikk, der prioriterte målsetjingar blant anna er ”å fremme kulturelt mangfald gjennom media” (Asbjørnsen m.fl 2008: 106).

Det er mykje media kan setje søkelyset på i det fleirkulturelle samfunnet. Evna media har til å avdekkje kritikkverdige forhold, er svært variabel frå land til land, avhengig av dei ulike lovene og retningslinjene i det enkelte landet (Asbjørnsen m.fl 2008: 106). Ein ser til dømes at Storbritannia har eit større religiøst mangfald enn Noreg, noko som kan vere med på å endre mediedistribusjonen samstundes som innhaldet i media kan vere ulikt. I Noreg har vi ei regulering, kalla pressestøtta, som skal sikre eit mangfaldig medielandskap, men likevel er det dei færraste land som har det (Asbjørnsen m.fl 2008: 106).

Litteraturliste:
Asbjørnsen, Dag m.fl: Mediemøte2, Aschehoug 2007. F.A Camilla m.fl: Eksistens, Gyldendal 2008. http://radar1.cappelendamm.no/c61372/sammendrag/vis.html?tid=61406. lasta ned 01.02.2010. http://www.abcnyheter.no/node/83111. lasta ned 02.02.2010. http://www.presse.no/Pressens_Faglige_Utvalg_PFU/Var_Varsom-plakaten/. lasta ned 02.02.2010. http://www.nrk.no/nyheter/1.6464753. lasta ned 02.02.2010.

Karoline Hamrenode

Read Full Post »