Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for november 2009

Filmprodusering

Tema:
Alle gruppene i klassa fekk i oppgåve å lage ein film som omhandla ytringsfriheit og/ eller personvern. Vi valde å gjere ein liten vri. Det finst sjølvsagt mange gode idear til ytringsfridommen i reklamefilmen, og eg gledar meg til å sjå kva medelevane har produsert. Men mi gruppe valde å snu oss vekk i frå reklamefilmen og halde fokuset på ein kortfilm basert på ei sann historie, der ein mannsperson har totalt «herredømme» over ei jente.

Val av film:
Mi gruppe (Eg, Hanne & Bjørnar) valde å lage ein kortfilm på 3-4 min, i staden for å produsere reklamefilm. Vi tok dette valget på det grunnlaget at vi tidlegare har laga reklamefilm, å ville no prøve noko nytt å ta ei ny utfordring. Eg føler at vi fekk det til, og eg tykkjer det var eit spennande prosjekt! Eg tykkjer at det positive med å lage kortfilm, er at ein kan gjere så mykje meir i kortfilmen enn i reklamefilmen, på grunn av tida ein har til disposisjon. Dette kan absolutt anbefalast som eit alternativ til neste gong vi får ei filmoppgåve.

Handling:
Vi valde sjangeren Thriller/grøsser fordi det gjev best spenning, og vi gav den navnet «I skuggen av ei dør», fordi den passa best til handlinga og i høve til sjangeren. Når vi vedtok temaet i filmen, tok vi utgangspunkt i dokumentaren om «Josef Fritzel», som dei fleste kjenner til. Handlinga går altså ut på at ei jente vert holdt i fangenskap og misshandla av ein mannsperson i 5 år, i ein kjellar. Etter desse fem åra finn ho endeleg ein utveg, og ho rømmer frå fangenskapet for godt. Men mannen gir ikkje opp. Han finn ei ny jente, som desverre må komme til å erstatte plassen til den andre jenta, som endeleg klarte å frigjere seg, og slik vil det fortsette i det uendelege, til mannen vert teken.

Framgangsmåte:
Når vi laga filmen, gjekk vi fram på den måten at vi først laga manuset, så laga vi storyboarden og deretter filma vi og sette det saman ved redigering. I manuset følgjer vi opp under den dramaturgiske modellen, og ellers hadde vi veldig lite verbal og tovegskommunikasjon i filmen. Vi konsentrerte oss mykje meir om lyd og kamera- effekter og viste tydelege handlingar for å få fram den ideelle bodskapen.

Den dramaturgiske modellen:

Publisering:
Vi har valt å ikkje leggje filmen ut på youtube, men for dei som vil sjå filmen eller nytte den i ein eller annan samangeng, må ta kontakt med anten Karoline, Bjørnar eller Hanne 🙂

Eigenvurdering:
Som gruppe tykkjer eg at vi fungerte veldig bra i lag, og vi gjorde ei god planlegging i førekant av filminga. Alle kom med innspel og forslag til korleis filmen skulle redigerast, kva innhaldet skulle vere og vi teikna opp eit kart over det området vi skulle filme i. Eg tykkjer vi kom opp med ein god idé til tematikken og vi klarte å lage ei god historie ut av den. I tillegg klarte vi å halde oss bra i forhold til tidsbruken, noko som óg er veldig bra. Alt i alt: ei kjekk og lærerik oppleving 🙂

Read Full Post »

www11.nrk.no/urort/artist/KarolineHamre/default.aspx»>

(Dersom linken ikkje fungerar: http://www.urørt.no -> artistsøk: Karoline Hamre)

Read Full Post »

Oppgåve 7

Lock Icon: Copyright

Det står ingenting på internettsida kven som har teke dette biletet, så eg reknar med at det er i orden for opphavsmannen at andre nyttar kjelda. men eg fant bilde i ei nettavis for universitetet i Bergen «På høyden».

http://images.google.com/imgres?imgurl=http://nyheter.uib.no/wysiwygpro/uploaded-docs/meldinger/www/info/bilder/bilder%25202008/opphavsrett.jpg&imgrefurl=http://nyheter.uib.no/%3Fmodus%3Dvis_nyhet%26id%3D39604&usg=__gymn1w0gEG5t122Zc-hWMFnuwn4=&h=210&w=226&sz=61&hl=nn&start=1&tbnid=GI4Rk78QS6b8qM:&tbnh=100&tbnw=108&prev=/images%3Fq%3Dopphavsrett%26gbv%3D2%26hl%3Dnn

Read Full Post »

Eg tykkjer at det var ei vanskeleg, men samstundes veldig lærerik oppgåve. Det er ein vanskeleg måte å skrive på, men når eg først hadde sett meg inn i oppskrifta til Karl H. Flyum – «må ha den oppskriften – fort!» så gjekk det forholdsvis bra. Det var eit veldig godt eksempel på ei femavsnittsskisse, og det vart plutsleg mykje enklare å skrive ei sjølv. Eg satt meg inn i 1-3-1 regelen, og det gjorde at eg mykje lettare takla skriveoppgåva- ein enkel hugseregel!

Alt må lærast, og ved å gjere dette fleire gonger, så trur eg at ein etter kvart vil sette seg betre inn i det. Øving gjer mester :)!

Read Full Post »