Ja, kvar skal eg byrje?
Det har seg slik at eg og min gode venn Bjørnar tok utfordringa, og deltok på tv2 sitt storsatsingprogram, X-Factor i april. Sendingane for dette programmet byrjar no i midten av september. Alt i alt var det veldig lærerikt, og ein fekk verkeleg kjenne og føle på korleis media eigentleg er og kor provosert det kan gjere deg. Alt handlar om god PR, og vi har konkludert med at programmet ikkje var noko særleg. Det er mykje som skjer bak kulissane, som ein aldri skulle tru, og det er sjokkerande. Dette vert sjølvsagt ikkje vist på TV skjermen, og derfor stiller ikkje dei utanforståande seg kritisk til programmet, noko som er forståeleg. Men vi fekk oss ei sjokkoppleving når vi deltok. Vi fekk ikkje formulere våre eigne svar til spørsmåla i intervjuva dei stilte oss og alt anna var planlagt på førehand, og klipt og limt. Når nokon gjekk vidare, vart vi bedde om å reise oss å gi aplaus opptil fleire gongar, dette kan sjå tilfeldig ut på TV, men det er slettes ikkje tilfeldigheiter… x-factor er eit ålreit program for dei som likar PR, men ein må være forberedt på å tåle mykje frå media. Men det einaste inntrykket vi sit att med, er at det vert laga eit «produkt» gjennom TV. Det legg langt i frå vekt på sjel og innleving, men heller det som er bra TV (god PR)! Men det var lærerikt å prøve 🙂 Anbefalast ikkje, med mindre ein er ein skikkeleg PR røvar og ein sceneshowar! 🙂
Medieopplevelse
september 1, 2009 av kar0liine
Legg igjen en kommentar