Vi har dette året jobba effektivt med Eshowe kampanjen. Eshowe er som dei fleste veit, eit prosjekt som Sogndal vidaregåande skule har i forbindelse med Sør- Afrika. Vi samlar inn pengar på OD dagen, og formålet går til å byggje opp skular og barnehagar i Eshowe i Sør-Afrika. Dette er eit veldig spennande prosjekt, og ikkje minst gjev det ein god følelse å kunne hjelpe nokon som verkeleg treng det!
I dag 14.09, har vi vore rundt om på dei ulike linjene på skulen, og fortalt om Eshowe prosjektet. Vi har prøvd så godt vi kunne å inspirere elevane til å delta i dette prosjektet. Vi viste elevane to filmar angåande prosjektet, diverse bilete å gav dei faktainformasjon om kva pengane går til og kor langt vi er komne med det totale prosjektet. Vi har óg presentert stoffet for idrettsfag, studiespesialiserande, yrkesfag og dei andre på handelsskulen. Det var kjekt å sjå korleis dei fulgte med på framvisninga. Det virka på nokre som at de var interressant, medan andre var litt mindre engasjerte. Dette kan sjølvsagt ha noko med at det er nytt for dei, medan andre har hørt om det frå før. Vi håpar at alle har ei god innstilling og vil delta i dette prosjektet, for dette er BRA !
Tenk med hove hjelp Eshowe, du kan gjere ein forskjell !! 🙂